Lysløypa skin bjart i adventstida i Ladalen.
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Des 2014
Lysløypegeneralen Steinar Myrseth fekk velfortent kake.
Snøen er komen, og om kort
tid håper vi aktiviteten vil bløme. Både på dag- og kveldstid. Anlegget slik
det står i dag har ein prislapp på 2,6 millionar pluss ein dugnadsinnsats
verdsett til 800 000 kroner- altså kring 3,4 millionar totalt.
Sykkylven kommune har bidrege med grunn. Mange
verksemder, privatpersonar, hytteeigarar med fleire har vist velvilje og støtta
prosjektet. Bli med du også,
med valfri
sum til:
Sykkylven Friluftssenter,
postboks 390, 6239 Sykkylven:
konto
3910 31 08245
Tysdag kveld var fleire
samla til ei enkel markering på fjellet, der mellom anna verselinene nedanfor
vart framførde.
Øss va på et møte på Kroa,
sia de he kje han Myrseth
funne roa.
Men øss leita på kartet,
og lysløype vart det,
no leitar han Steinar
etter langrennskiskoa.
Forfattar: «Grøngøtt-Inger»
Lysløype har vi endeleg
fått,
sjølv om d innimellom har
gått litt trådt!
Gode sponsora e viktig å
ha,
no bli d langrennsløype - å d e bra!
Dugnadsfolk med musklar av
stål,
har gjort sitt til at vi
no er i mål!!
Forfattar: «Myrseths
Venner»