Topp-10 trimpostar
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Nov 2014
I dag kan vi melde at det
vart 8.plass i samandraget for trimpostvinnaren «skogsvegen Fet», Grethe Fet,
denne sesongen. Grunnlaget for den flotte prestasjonen vart lagt gjennom 313
turar til posten «skogsvegen Fet». Men Grethe hadde også vore innom postane
Bruna, skogsvegen Drabløs, Vellesætra og Brunstadsætra i løpet av sesongen.
Trimgruppa har kome til at
den spreke 68-åringen har samla 1328 gilde poeng på sine 334 turar i 2014.
Grethe er med andre ord nær èin dagleg tur, og ho er mellom dei ti som har
gjort unna idrettsmerkeprøvene i VIL sin regi inneverande år.
Topp-10 sesongen 2014:
1.
2.
3.
4.
5.
6.
7.
8. Grethe Fet (68) – 1328 poeng
– 334 turar
9. Odd-Kåre Fet (72) –
1294 poeng – 321 turar
10. Astrid L. Drabløs (69)
– 1226 poeng – 315 turar
Hittil kan det sjå ut som
det er eit reint klubbmeisterskap for Fet vi held på med, men vi kan love at
personen på plass nummer sju ikkje kjem frå Fet tettstad.