Kari og Eldrid tok idrettsmerke i dag

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Nov 2014

Idrettsmerkeprøver i
minusgrader er heller sjeldan kost, men Kari Hjorthol og Eldrid Myhre hadde
ingen problem av den grunn. Som heller ferske 60-åringar kunne dei bruke 15
sekund på 60-meteren, men greidde seg med langt mindre. 1,45 i stille lengde og
5, 0 meter med 3 kg kule var heller ikkje problem. Begge kasta over fem meter
med 4 kg kule, så der var meir enn nok og gå på.

Positivt at også
tvillingane Sivert og Andreas Nakken møtte fram og testa seg.

Hittil i sesongen har
desse gjort unna idrettsmerkeprøvene:

Paul Hole

Odd-Kåre Fet

Grethe Fet

Arild Lade

Svein Nakken

Per-Gunnar Holmberg

Torje Bjørneseth

Monica Hole

Kari Hjorthol

Eldrid Myhre

Når ein ser denne lista
skulle ein tru at Idrettsmerkeprøvene var for alle over 40 år. Faktum er at
nedre aldersgrense er 16 år.

Trim- og friidrettsgruppa
ynskjer flest muleg merketakarar. Har du lyst å prøve så kontakt:

Nils Terje Skylstad

Alf Petter Bøe

PS. Siste frist er 31.
desember