Hyller han som fyller 40
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Nov 2014
Som småhyn såg vi han ofte
på Tandstad. Ved stabburet til besteforeldra der han stod dag ut og dag inn og
skaut ballen i veggen. Slik vart han fotballspelar.
Då han nådde
gutespelaralder gjekk det sterke diskusjonar i VRF om kva lag guten skulle
spele på, og han var ikkje gamle karen då han debuterte på A-laget. Sommaren
1990 i Norway Cup fanst det ikkje snev av tvil kven han skulle representere. Då
var gutelaget til VRF
eit heilt naturleg val. Eit lag med spelarar
frå heile bygda + 3-4 strandarar.
Laget kom heim med sølv, etter
0-1 mot Tromsø IL i finalen. Målscorar var Ole Martin Årst, seinare storscorar
i ei rekkje klubbar, og i dag ekspert-kommentator i TV 2. Robert vart den som
nådde lengst av utespelarane på dette laget. Berre målmann Trond Hjelle stiva
han, mellom anna som målmann på øvste nivå for Hødd i 1995.
Robert var innom AaFK ein
sesong. Der vart han brukt som back, og fekk få sjansar i favorittposisjonen
som stoppar. Elles har han vore lojal mot sykkylvsfotballen, med eit utal
kampar etter stadige come back. Sist sesong var han trenar for FK Sykkylven
sitt lag som spelar på nivå fem i norsk fotball.
Siste åra har Robert vist
at han kan meir enn vere lagspelar. Han har talent for sykling og lange seige
løp, også motbakkeløp. I 2014 imponerte han helg etter helg og sette mellom
anna ein soleklar sykkylvsrekord i Skåla Opp. I «Hornindal Rundt» var han ikkje
ringare enn at han sikra seg pengepremie i det som heiter halvt løp.
Vi kan trygt slå fast at
Robert på sine eldre dagar har fått ein ny vår som idrettsutøvar. I skrivande
stund er han beste veteranidrettsutøvaren i Sykkylven. Vi gratulerer med 40 års
dagen og håper kroppen toler ei 30-40 sesongar til
PS. Ein ung Sogge la
grunnlaget som silotrakkar med underteikna – berre så det er nemnt
Atle Hole