Då er vi messeklare: Opningstida er 12.00-17.00
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Nov 2014
I dag var det levering av
tombolavinstar i Velledalen grendahus. Ikkje alle hugsa dette, men det går fint
med levering i løpet av laurdagen.
Personar som leverer utan
å vere oppsette vert vi særs glade i. Sjølvsagt får slike ei saftig stjerne i
margen. I dag lovprisar vi fylgjande personar, som har levert tombola, kake
eller begge delar
·
Solbjørg Brunstad
·
Torill Hole Frøysa
·
Sissel Hansen
·
Jenny Sylvi Strøm
Takk også til gjengen som
fekk bord og stolar på plass i ein fei. Innkjøpssjef Marit har fått varene på
plass. Dei fyrste utstillarane har installert seg, og i morgon tek vi mot
fyrste kunden.
VIKTIG:
Alle
skal kjøpe ei eller fleire julegåver. Sikraste måten å få utstillarane tilbake
er å opne lommeboka. Det treng ikkje vere på vidt gap, men alle monner dreg.
Velkomen til Førjulsmesse 2014!!