I dag hyllar vi Ingrid Brudevoll
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Nov 2014
Ingrid på Myrdalsfjellet
Vi har enno ikkje fått det
stadfesta frå trimgruppa, men har vi summert rett har trimpostane eit samla
besøk på 17 956 siste året. Eit solid tal. Ei stille tilbakemelding til
gruppa om at tiltaket deira vert sett pris på av mange.
Grunnane for å besøke dei
14 turmåla kan vere nokså ulike. Og bra er det. Langt frå alle kan vinne ein
post, og slett ikkje samanlagt. Vi har tidlegare presentert dei 14 vinnarane på
nettsida vår. No er tida koma for å hylle ein utøvar som har markert seg på
anna vis.
Saman med Nils Terje
Skylstad, er Ingrid Brudevoll åleine om å ha fire topp-5 noteringar denne
sesongen. Ho har med andre ord spela på fleire hestar samstundes, eit klart
prov på at ho ikkje jaktar triumfar på enkeltpostar.
Topp-5 – plasseringane til Ingrid er slik:
2. plass på Myrdalsfjellet
2. plass skogsvegen
Hjorthol
3. plass Koppen
4. plass (delt)
Holetindane
VIL-Nett gratulerer Ingrid
med ein framifrå sesong – gjer det same du også neste gong du treff dama!!