5 PÅ TOPP 2014 – VELLESÆTRA
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Okt 2014
arkiv
Torhild Skogvold og
Arnhild Linga er kjende namn på dei ulike trimpostane. Arnhild er
samanlagtvinnar ikkje mindre enn fire gonger i perioden 1999-2004. Ho er dette
året inne på topp-5 på tre ulike turmål. Torhild er topp-5 på to turmål, men
vann Vellesætra dette året med 162 turar, 20 meir enn Arnhild sitt vinnartal
frå 2013. Som ein ser skilde det berre fem turar mellom dei to.
Her er topp-5 Vellesætra 2014:
162 turar: Torhild Skogvold
157 turar: Arnhild Linga
78 turar: Liv Skogvold
56 turar: Alf petter Bøe
40 turar: Kjell Magnar Berli
Oversikt over ulike turmåla i 2014 (frå 5. plass og
nedover)
5. Vellesætra 1544
noteringar (1186) – Torhild Skogvold 162
6. Skogsvegen Hjorthol
1159 (781) – Robert Rakoczy 214
7. Skogsvegen Fet 1095
(1117) – Grethe Fet 313
8. Regndalen 967 (348) –
Robin Urke Brunstad 50
9. Myrdalsfjellet 496
(536) – Elling Hole 105
10. Koppen 409 (257) –
Anita Hjorthol 48
11. Skogsvegen Drabløs 353
(315) – Annlaug Lervåg 136
12. Hytta Brunstadkølen
243 (225) – Linda Kristin Øye 12
13. Høgsætra Fet 144 (185)
– Håkon Fedt 5
14. Holetindane 109 (122) – Nils Terje Skylstad 16
Kjønnskampen etter ti postar:
KVINNER-MENN 5-5