5 PÅ TOPP 2014- REGNDALEN

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Okt 2014

Regndalen hadde skarve 348
noteringar i 2013. Av diverse grunnar – vi her ikkje skal kome inn på – fekk posten
eit kollosalt løft i 2014. «Teljemaskina» til trimgruppeleiar Nils stoppa på
967 besøk. I prosent soleklart størst framgang av alle postar. Og den hadde nok
passert 1000 med god margin om ikkje ein halvolm, ukastrert okse hadde operert
i området. Fleire våga rett og slett ikkje gå i Regndalen deler av året.

Kampen om sigeren på posten
var jamn og hard. Til slutt vart det Robin Urke Brunstad som drog lengste med
50 turar – ein pen prestasjon, men rett nok eit stykke bak Geir Helge Grebstad
i hans glansdagar.
  Her er topp-5
Regndalen 2014:

50 turar: Robin Urke Brunstad

46 turar: Ann-Helen Hole

45 turar: Erika
Weiberg-Aurdal

30 turar: Arnt Gunnar
Brunstad

29 turar: Martin Velle

Besøkstala for dei ulike postane, frå 8. plass og
nedover:

8. Regndalen 967
noteringar (348) –
  Robin Urke Brunstad
50

9. Myrdalsfjellet 496
(536) –
  Elling Hole 105

10. Koppen 409 (257) –
  Anita Hjorthol 48

11. Skogsvegen Drabløs 353
(315) –
  Annlaug Lervåg 136

12. Hytta Brunstadkølen
243 (225) –
  Linda Kristin Øye 12

13. Høgsætra Fet 144 (185)

  Håkon Fedt 5

14. Holetindane 109 –
  Nils Terje Skylstad 16
   

Kjønnskampen etter sju postar: Menn-Kvinner 4-3