20 seriemål av Sondre Brunstad Fet
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Okt 2014
Etter siger mot Rollon i vår, frå v.: Lars Kristian Hjelswrth, Ole Andre Skotheim og Håkon Hansen.
Sesongen er slutt i 3. div
der sunnmørslaga var plassert i avdeling 8 og 9
Her er toppscorarlista i
avdeling 8 der dei fleste sunnmørslaga spela:
23 mål: Nils Ottar Sandø,
Skarbøvik
20: Sondre Brunstad Fet, AaFK 2
15: Preben Strypet, Årdal
15: Robin Hjelmeseth, Hødd
2
14: Vegard Savland, Stryn
11: Knut-Idar Dalhus, AaFK
2
11: Thomas Sætre Hauge,
Larsnes/Gursken
11: Kristian Fardal
Opseth, Sogndal 2
Vi nemner også
toppscorarduoen i avdeling 9, der mellom andre Brattvåg spela:
43 mål: Sondre Stokke,
Strindheim
38: Carl Bjørk, Brattvåg
Som dei fleste sikkert
veit er Sondre son til Bente Brunstad og Steinar Fet, altså foreldre av VRF-blod.
Sondre fekk også speletid for AaFK mot «Folkets
Lag», ein kamp AaFK vann med 3-1, og der Sondre noterte seg for målgivande
pasning.
Også Håkon Hansen, med mor
av VRF-blod, fekk med seg same kampen som spelar på «Folkets Lag». Lovande
Hansen har hatt ein sterk sesong på FK Sykkylven sitt lag på nivå fem (4.div) i
norsk fotball. Alt tyder på at guten er moden for større oppgåver.