Sykkylvspresten KM-vinnar i fotball
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Okt 2014
Erlend Lunde (38) er ikkje
ein prest i vanleg A-4 format. Han både spelar fotball og driv i stand
up-bransjen. I kveld vart laget hans, Sykkylven Blå, heidra som KM-vinnarar i
7-ar serien på Sunnmøre.
Grasrotlaget hans er Os
turnforening, ein klubb med tilhald tre mil sør for Bergen. Brennande
engasjerte sunnmøringar vil nikka attkjennande til namn som Erik Just Olsen og
Svein Gunnar Rein, og året 1975, då klubben hans spela i toppserien.
- Eg var i klubben
til og med junioralder, men har aldri spela seniorfotball. På den fronten
skjedde debuten i Sykkylven, seier den populære presten.
Ny idrettspark
Lunde var mellom dei som
engasjerte seg i utbygginga av Ikornnes Idrettspark. Og då praktanlegget stod
ferdig måtte det brukast. Også av godt vaksne folk. Stadig nye har kome til, og
dette året måtte AaFK-veteranane gi slepp på trona dei nærast har hatt hevd på.
- Vi har hatt ein
god sesong. Berre tap mot Emblem borte, og Emblem synest eg er beste laget vi
har møtt. Elles er det stort for ein Brann-tilhengar og vinne begge kampane mot
AaFK, synest den ferske KM-vinnaren, som har teikna seg på scoringsliste 12-13
gonger i løpet av sesongen
Inga kveldsbøn for Brann
- Korleis er det å
vere tilhengar av Brann om dagen?
- Eg håper
sjølvsagt dei held seg, men innerst inne har eg byrja bu meg på helgaturar til
Ulsteinvik og Kristiansund neste år.
- Kjem du til å ta
Brann med i kveldsbøna no i serieinnspurten?
- Det kan du vere
sikker på at eg ikkje gjer. Det er så mange andre som treng omtanke meir enn
dei. Overbetalte fotballspelarar får greie seg sjølve!
Reine ord for pengane frå
ein nyslegen KM-vinnar i fotball – truleg den einaste Sunnmøre nokon gong har
fostra frå prestestanden.
PS. I siste kamp vart det
kontrollert siger 6-3 over Hjørungavåg 2/Hareid 3