Heider til Velle

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Okt 2014

Trimbokinnsamlinga går sin
gang. Snart har alle postane fått ny bok. For trimgruppa er namna og turane det
viktigaste, men folk skal vite at det står litt av kvart i desse bøkene.

Vi har kika på boka som
låg i Regndalen. I denne har mellom anna ein tyskar prisa skaparverket - sjølvsagt på tysk. Ei norsk dame skriv kort og godt fylgjande:

-Fin tur. Ære vere dei som held slike råser
opne!

Håper alle som har bidrege
tek dei gode orda til seg!

Vi skal ikkje røpe
vinnaren av «ungdomsposten Regndalen» i denne omgang, men nemner at «formturgåaren»
til posten siste tida utan tvil er Martin Velle – a local lad, som fort kan bli
postvinnar komande sesong no som han har kome inn i tralten.