Alf Petter fekk klarsignal
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Okt 2014
Under styremøtet i
Velledalen IL tysdag 30. september fekk friidrettsleiar Alf Petter Bøe
klarsignal til å ordne påmeldinga til Holmenkollstafetten 2015. Dette skulle
gjerast i «parløp» med kasserar Ove Skylstad. Det er nemleg slik at til seinare
ein melder på laget, til dyrare vert det
I fjor var tre av løparane
på laget busette i Sykkylven, dei øvrige var utflytte sykkylvingar. Korleis
dette blir i 2015 er førebels vanskeleg å spå. Men klart er det at har ein
ambisjonar om plass på laget, bør forma jamleg pleiast