Velledaling i innebandy
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Okt 2014
Tommy Rasmussen t.h.
1.runde i seriespelet vart
avvikla i Sykkylven Storhall sist sundag med fem lag i aksjon. Alle spela mot
alle i løpet av dagen, og her er sykkylvslaget sine resultat:
Sykkylven-Eide 12-0
Sykkylven-Surnadal 3-3
Sykkylven-Volda 1-2
Sykkylven – Storm/Fosna
1-3
Som ein ser var resultata
ringare og ringare utover dagen. Får håpe dette ikkje skuldast dårleg
treningsgrunnlag.
Så vidt vi kunne sjå var
Tommy Rasmussen einaste velledaling i aksjon – med forsvarspel som sterkaste
side.
Etter fyrste runde ligg
Sykkylven på fjerdeplass.