10 for Grete i Oslo

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Sep 2014

«10 for Grete», står for
10 kilometer for Grete Waitz – løpardronninga som i altfor ung alder tapte
kampen mot kreften for nokre år sidan.



To av dei som gjennom
dette løpet hylla Grete Waitz, var syskjenborna frå Knutgarden på Hole, Eli og
Torild.



I ein e-post frå
hovudstaden heiter det mellom anna:


- Begge rapporterer om at løpet gav meirsmak og motivasjon til vidare trening. Eli kom inn på gode 1.02.25, Torild litt bak.


  Gjer som Knuttausene – send rapport om positive idrettsopplevingar til VIL-Nett!