Oslo-avdelinga produserer resultat
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Sep 2014
Hei! Tenkte å kome med ein kjapp liten løpsupdate på
ein onsdagskveld.
I dag hadde nemleg Velledalen IL to utøvarar under Sognsvann Rundt: Sverre
Gunnar Brunstad og meg.
Sverre Gunnar sprang 4 rundar på 48.03, noko som gav siger og aldersrekord i
klasse 47 år! Berre 1 sekund bak persen sin (i følgje statistikken).
Eg sprang 1 runde, og persa med 13 sekund. Tida 12.54 heldt til 4. plass i
kvinneklassa, av 38 startande.
1 runde er altså 3,258 meter, så Sverre Gunnar
sprang i overkant av 13 km.
Her er lenkje til resultat: http://www.emit.as/sogn/main.aspx?arrno=1&arrname=Sognsvann%20Rundt%20Medsols
Vedlagt finn du eit bilete av team Brunstad/Tandstad - smilande og nøgde etter
kveldens løp!