Ope meisterskap i tilslag – Stranda stadion 6. september

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Sep 2014

Kven har det beste
tilslaget? Kven får ballen lengst på Stranda Stadion? Tar du utfordringa?

Slik står det i eit skriv
som har kome frå Stranda IL.

Det kostar 10 kroner
  for kvart forsøk, det er flotte premiar og ikkje så reint lite
prestisje

Deltakarane er delte i klasser slik:


 ·
  

 Beste herre/dame
over 16 år


 ·
  

 Beste gut/jente
under 16 år


 ·
  

 Beste
IKKJE-AKTIVE

Kan dette vere noko for
venstrefoten til Jim Bøchmann i klassa for ikkje-aktive….? Personleg har vi
mest tru på Bendik Hole Alnes som den lengstsparkande. Femmetersparka hans er
av høg klasse denne sesongen, det har vi ved sjølvsyn registrert.

PS! Stranda har gitt FK
Sykkkylven seks poeng og fire plussmåldenne sesongen – her kan sykkylvingane gi
litt tilbake!!