Heim med synleg bevis

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Sep 2014

Det vanka både diplom og
fat med inskripsjonpå Kjell Magnar Berli etter at han greidde merkekravet under
Birkebeinerrittet sist laurdag.

Som vi før har skrive er
unge Berli den fyrste utøvaren frå Velledalen IL som får denne heideren – eit synleg
prov på at han meistrar disiplinane ski, løp og sykling.

Kanskje ein spore til
satsing i same lei for karar som Svein Nakken, Per Steinar Linga og Robert
Sogge..? Med litt spesialtrening på svakaste disiplin kunne alle tre nemnde
fort fylgt i Kjell Magnar sine spor.

Nok ein gong gratulerer
til Kjell Magnar – etter alle solemerke den einaste levertransplanterte som har
gjort denne prestasjonen.