Kven vert beste sykkylving i Birken..?

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Aug 2014

Mest truleg vil duellen om
å bli beste sykkylving stå mellom Per Steinar Linga og Eldar Kurseth. Begge
stiller i klasse 40-44, og begge startar klokka 07.10. Dermed vil dei kunne ha
ein viss kontroll med kvarandre, men vi snakkar om store mengder deltakarar. I
tillegg er det nok av andre element som krev konsentrasjon i eit slikt ritt.

Største utfordrarane til
Linga og Kurseth reknar vi med vert Espen Utgård Sæther og Stig Jonny Urke. Men
vi vert storleg forbausa om ikkje beste sykkylving er å finne mellom desse fire