FKS raskast under «Sykkylven Rundt»
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Aug 2014
Robert Sogge la grunnlaget
for triumfen med sterk sykling. Først på andre etappe frå Lade til
Ramstaddalen, og vidare på tredje etappe til helikopterplassen. Tynnast i
rekkene var det på laget til Ekornes avdeling Tynes, der fire mann delte på dei
seks etappane. Til samanlikning brukte Velledalen IL 18 utøvarar – fleire av
dei i barneskulealder.
Her er resultata frå «Sykkylven
Rundt» 2014:
1.
FK SYKKYLVEN 1.51.31
2.
VELLEDALEN IL 1.53.50
3.
SYKKYLVEN SYKKELKLUBB 1.56.53
4.
SYKKYLVEN IL G 16 år 1.57.48
5.
EKORNES AVD. TYNES 2.09.41
6.
STAMINA 2.10.35
7.
VINEYARD 2.13.41
Ekstra honnør til Vineyard
som mønstra lag også dette året. Av nettopp dei har fleire verksemder, lag og
organisasjonar i Sykkylven noko å lære.
Denne gongen var det opna
for ei eiga kvinneklasse, men her deltok ingen.
Arrangørane, Stamina,
Sykkylven Sykkelklubb og Velledalen IL, er opne for synspunkt frå utøvarar og
andre. Eksempelvis: Kva tidspunkt på året bør ein slik stafett arrangerast..?