Stor glede i Velledalen IL
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Aug 2014
Etter fleire tiår med
beinhard tørke i Sykkylven kommune for namnet Konrad, tykkjest endeleg ting
vere på glid.
Rykta seier at Velledalen
IL sin «Konradpris» på 3000 kroner, til den fyrste som vert døypt Konrad i
Sykkylven, om relativt kort tid vil gli ut av hendene på kasserar Ove Skylstad.
Det skal til og med vere snakk om tvillingar( gut og jente).
Det starta med at
Velledalen IL i samband med Konradløpet lova gratis startkontingent for alle
som bar namnet Konrad. Dei fyrste åra kom det ingen deltakarar med dette
namnet. Etter kvart skjøna vi at namnet var inne i ei djup krise. For å bøte på
dette lova arrangørlaget 1000 kroner til dei tre fyrste som døypte ungane sine
Konrad i Sykkylven. Null respons. For tre år sidan endra vi dette til 3000
kroner til den fyrste som døypte guten sin Konrad. Etter fleire år utan respons,
kan altså 2014 bli året der ein av sykkylvsprestane endeleg får ta namnet
Konrad i sin munn.
Førebels seier vi ikkje
meir om saka, men hald deg orientert på VIL-Nett.