And the winner is: Lars Erik Hovland
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Aug 2014
Lars Erik Hovland er ein
av spelarane på SIL G 16. Laget som overraskande vart kasta inn i motbakkeløpet
«Opp på Bruna» i 2013. Alle var sjølvsagt ikkje like motiverte for ei slik
kraftprøve, men alle som møtte til trening den aktuelle dagen fullførte.
Ein av desse var Lars Erik
Hovland. 40.48 brukte guten i 2013. I 2014 var SIL-gutane nok ein gong i
aksjon. Også Lars Erik. Denne gongen stoppa klokka på 26.04. Ein framgang på
fantastiske 14 minutt og 44 sekund.
Så med dette vert det
kunngjort. Vinnaren over alle vinnarar under «Opp på Bruna» 2014 heiter Lars Erik
Hovland i klasse 13-17.
GRATULERER!!