Årsgangsløparar

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Aug 2014

Sjå foto. Ein skulle ikkje tru at desse karane samla er godt over 130 år
Konkurranseklassa i «Opp
på Bruna» hadde eit aldersspenn på 60 år frå yngste til eldste deltakar. På
fotoet ser du dei to eldste. Inge Asbjørn Haugen (61) som representerer
Hornindal, men bur på Nordfjordeid, gjorde fine 24.41 som vinnar av klasse
50-69 år.

Olaf Einar Øien (71), Velledalen IL, vann
klasse 70 +. Tidlegare i sommar har Olaf levert sterke prestasjonar i
klassikarar som Nibbeløpet i Geiranger og Saudehornet Opp i Ørsta.