Tre blad Nakken i framgang

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Aug 2014

Svein Arne Nakken greidde
ein pen tredjeplass i klasse 30-49 år på tida 22.23. Klar framgang frå fjoråret
då tidtakaruret stoppa på 23.31

Om sønene har fylgt same
treningsopplegget som faren vitast ikkje. Men trenden var like eins hos den
yngre garde. Sivert Nakken gjorde 26.31 i år, mot 27.00 i fjor. Det gav siger i
yngste klasse. Like bak kom Andreas Nakken, med tida 27.01. Og han kan slå seg
på brystet som den mest framgangsrike av Nakken-trioen, då han hadde 28.40 i
fjor.

Samla framgang for tre
blad Nakken: tre minutt og 16 sekund. Ein prestasjon vi reknar med «sistemann»
i teamet, Anita, er vel nøgd med.