Applaus for Kjell Magnar

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Aug 2014

Velledalen IL sine
utøvarar markerte seg sterkt i motbakkeløpet «Opp på Bruna» i Straumgjerde 10.
august. Vi vil legge ut ei rekkje saker om dette dei næraste timane.

Tidsmessig best av
Velledalen IL sine løparar vart ikkje overraskande Kjell Magnar Berli. I fjor
sette han løyperekord på 18.58. I år kryssa han mållina på 19.02. Svært bra med
tanke på at han nesten ikkje har sprunge etter knall-løpet han hadde i «Hornindal
Rundt»


 -  Eg har slite med
ein hofteskade, men enno viktigare; eg har prioritert sykling med tanke på
Birkebeinerrittet 30.august. Løpstrening har vore mest heilt fråverande siste
månaden. På den bakgrunn er eg godt nøgd med 19.02

Kjell Magnar var åleine om
å gi vinnaren, Håvard Myklebust, litt kamp. Vår mann heldt fylgje så lenge
løpet gjekk på asfalt, men på grusen seig voldingen sakte frå og vann med 40
sekund.

Fotoet viser Kjell Magnar
like før mål. Han vert applaudert fram av strandaren Bjørn Arve Brune (16.34 i
Konradløpet), Inger Riksheim (eit utal KM-titlar i langrenn) og Geir Tandstad (tidlegare
landslagsspelar i volleyball). Ikkje akkurat «smågutar» på sidelina heller
under «Opp på Bruna»