Driftig kjelle fyller år
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Aug 2014
Jubilanten bur i
Straumgjerde og har sterke band til Velledalen IL. Ho nærast arva vervet som
leiar for Velledalen IL sin idrettsskule etter mora, Gunn Tove. Her viste Julie
seg som ein drivande og dyktig leiar. Ho hadde full kontroll, sjølv om
idrettsskulestyret i hennar regjeringstid rett som det var mangla mannskap. Arbeidsvilkåra
var såleis ofte ikkje dei beste.
Men det aller mest imponerande, var at ho - utan å mukke - sat eit heilt år på overtid som
leiar då vi sleit med å finne avløysaren hennar. Slik velvilje er det sjeldan
ein opplever
Elles er Julie ivrig
badmintonspelar. Måndagskveldane er Velledalen grendahus arena for hardtslåande
spelarar. Mellom desse Julie. Ho er også den som har hatt styggaste badminton-skaden
gjennom alle tider i VIL.
Vi håper og trur ho er
fullrestituert til 30 års dagen.
I alle fall; Velledalen IL
gratulerer vår tidlegare idrettsskuleleiar og noverande badminton-mosjonist
hjarteleg med 30 års dagen !!