Sykkylven Rundt laurdag 23. august
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Aug 2014
Stafetten «Sykkylven Rundt»
har seks etappar, tre sykkel- og tre løpsetappar. Samla lengde er 51,1
kilometer. 10,8 av desse kilometerane skal springast, 40,3 skal syklast. Merk
at på fyrste etappe kan brukast inntil 15 utøvarar med innbyrdes valfri
vekslingsstad.
Her er dei harde fakta om
etappane:
1.
etappe: Løp – 5,4 kilometer: Frå Velledalen Grendahus
til Lade Møbelfabrikk (om Brunstad og Hole). Mest asfalt, siste kilometeren på
grus – tung etappe. (NB! Kan bruke inntil 15 utøvarar på denne etappen – få med
ungane!!)
2.
etappe: Sykkel – 14,3 kilometer: Frå Lade
Møbelfabrikk, via Fjellsætra, gjennom Fasteindalen til Ramstaddalen. Asfalt i
den tungedelen av etappen, seinare grusveg
3.
etappe: Sykkel – 14,9 kilometer: Frå Ramstaddalen til
helikopterlandingsplassen bak ungdomsskulen. Stort sett flatt med asfalt,
unnabakke siste del.
4.
etappe: Løpsetappe -1,8 kilometer: Frå
helikopterlandingsplassen til Sykkylvsbrua (om godsterminalen, Buas og Berlihaugen).
Etappen med minst tidsbruk.
5.
etappe: Sykkeletappe – 11,1 kilometer: Frå
Sykkylvsbrua til Fetnausta (om Ikornnes, Straumsheim og grusvegen langs
Fetvatnet). Flatt, tre km grusveg siste del.
6.
etappe: Løpsetappe – 3,6 kilometer: Frå Fetnausta til
Velledalen Grendahus. Stort sett asfalt, svak stigning.