Jubilantar i kø – 28. juli er det Reidar Bremerthun sin tur
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Jul 2014
Skulemannen. Reidar Bremerthun kom til Velledalen som
24-åring i 1968 - som nyutdanna lærar. Og han var etterlengta. Ikkje minst av
skulestyrar Johan Neset, som trass ei lam hand, hadde kroppsøving med dei eldste elevane. Neset greidde seg godt som
gymlærar han, men nytta eit kvart høve til å skru forventningane til læraren
som skulle kome skyhøgt i veret.
Så kom han då endeleg. Tok elevane inn i ei ny tid.
Linjegymnastikk vart erstatta kassehopp og nakkesprett. Den unge læraren gav 16
elevar eit løft i avgangsåret ved Velledalen Skule, og gjorde dei vel skikka
for neste utfordring; ungdomsskulen.
Fotballspelaren
. Reidar Bremerthun var i sin beste alder.
Han var ein habil fotballspelar, og fann sin plass i VRF-miljøet. Hans klart
sterkaste posisjon på bana var som midtstoppar. Han gjorde mange sterke kampar
i den gule trøya, som han aksla i klubben sine beste år (1971 og 1972).
Duellsterk og oppofrande i spelestilen vart han sett pris på, og djupt sakna då
han flytta i 1974.
VIL-leiaren. Reidar Bremerthun fekk sitt fyrste verv i
Velledalen IL i 1969. Etter fleire år utan avvikling av Årsmøte, gjekk læraren
rett inn i hovudstyret i november 1969 som styremedlem. Progresjonen dei neste
åra var enorm:
Årsmøtet 1970:
Reidar Bremerthun var årsmøtereferent og vart sekretær i hovudstyret.
Årsmøtet 1971:
Heldt fram som sekretær i hovudstyret og valt inn som medlem i
friidrettsgruppa.
Årsmøtet 1972: Møteleiar under årsmøtet, framleis
sekretær i hovudstyret og leiar for friidrettsgruppa.
Årsmøtet 1973: Møteleiar under årsmøtet, valt til leiar,
kasserar og sekretær i hovundstyret.
Sommaren 1974 flytta familien Bremerthun frå Velledalen
til Os i Hordaland. Så vidt vi veit er adressa til jubilanten, Tømmernes 60,
5212 Søfteland.
Reidar
Bremerthun sine år i Velledalen kan ikkje omtalast som anna enn ei Guds gåve
til skule og idrettsmiljø. Rause gåver varer sjeldan evig – vi fekk ”låne”
mannen i seks år og er evig takksame. Vi hyllar Reidar, som må omtalast som ”sjeldan
vare”, på 70 års dagen den 28. juli !
For Velledalen IL
Atle Hole