Ein likandes kar fyller 80
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jul 2014
BAKGRUNN.
Ein mykje avhalden kar i Sykkylven, Johan Svindseth, fyller 80 år 22. juli. Han
voks opp i Åmundgarden på Melseth i Ramstaddalen saman med foreldre, tre eldre
brør, ein yngre bror og ei yngre syster.
YRKESLIV.
Alt som småhyn måtte Johan hjelpe til med gardsarbeid. Men det yrkesaktive
livet starta i 1949, som dreng hjå lensmann Bernt Tandstad på Tandstad.
-Ei interessant tid, der eg til og med
måtte vere med lensmannen når han skulle ut og arrestere folk, minnest Johan om
sine tre år som dreng. Seinare vart det tre år hos Velledalen Lenestolfabrikk,
15 år hos Emdal Fabrikker, før han avslutta yrkeslivet med 25 år som modellør
og avdelingsleiar hjå Sandella i Sykkylven.
GULLKLOKKE.
Men det er som målmann i VRF Johan Svindseth er best kjend utanom heimbygda.
Alt i tidlege skuleår slo lærar Reite fast:
- Du Johan er
kvikkast når du kjem deg ut og får tak i fotballen.
- Ein heilt rett
observasjon, vedgår Johan Svindseth, som var VRF sitt fyrsteval mellom stengene
frå 1952 til langt ut på 1960-talet.
Han var fyrste spelaren i
klubben som fekk gullklokke for 200 obligatoriske kampar (serie og cup), han
var med på Bygd mot By i 1959, 1960 og 1961, og han vart flittig nominert som
keeper i Sunnmørsposten sin «Ukens-11» i sine beste år.
HØGT OPPE.
Johan Svindseth var kjend som ein plasseringssterk målmann med rikt utrusta
talegåver. Det vart sagt at han heldt føredrag i kvar einaste kamp, og kom ein
angripar åleine mot han vart han som regel psyka ut før han kom til avslutning.
Den kampen Johan hugsar aller best, var ein bortekamp i Ørsta.
- Resultatet er eg
ikkje sikker på (trur vi vann 2-1), men eg redda to straffespark. Siste gongen
var eg så høgt oppe at eg såg ned på tverliggaren var det somme som meinte.
BEDRIFTSFOTBALL
.
Etter 20 år med klubbfotball, avslutta Johan Svindseth karriera med ti år i bedriftsfotballen som målmann for
Sandella. Laget vann fleire gonger serien for indre Sunnmøre, og Johan hugsar
spesielt ein kamp i Tafjord.
- Eg var så dårleg
i ryggen i denne kampen at eg ikkje greidde lute meg ned og ta ballen med
hendene. Men eg hadde det i kjeften og dirigerte forsvaret så bra at vi vann
kampen 1-0. Etter kampen kom ei illsint dame bort til meg og sa at «neste gong
du kjem til Tafjorden så helde du kjeften din». Eg har vore i Tafjorden etter det,
men utan fotballsko.
ÆRESMEDLEM
.
Johan Svindseth har aldri vore redd frivilleg arbeid. Han har lagt ned eit utal
timar, særleg på anlegget på Slettegjerde. Og innan loddsal finst knapt hans
likemann. Her er den ordhage eks-ramstaddalingen ein sann meister. Sjølv dei
mest standhaftige og hardhjarta mjuknar når Johan legg ut om gode saker han
brenn for. Han har trena aldersbestemte lag i VRF, han er kåra til «Årets
Supporter» og han er æresmedlem. Den tittelen fekk han i 1998.
TRIST OG DEPRIMERANDE.
Den tidlegare målmannen i Sykkylvsvegen 970, har også
teke tørnen sin i nyeklubben, FK Sykkylven.
- Det har eg. Dei
gjorde det nok i beste meining dei som drog i trådane, men etter snart tolv år
med seriespel må vi ha lov og vere skuffa. VRF som åleineklubb var i gode år på
nivå 3 i norsk fotball, FK Sykkylven spelar i dag på nivå 5. Men det mest
skuffande er at dei styrande ikkje kjenner historia. Eit æresmedlemskap i VRF
synest heller verdilaust for nyeklubben, og kan du seie meg ein ting; kvar har
det vorte av dei gule og svarte fotballdraktene og namnet VRF i tabellar for
aldersbestemte lag..?
Er det slik at VRF er nedlagt, så er det
både trist og deprimerande. Ikkje i min villaste fantasi hadde eg trudd at alt
det positive fotballen i Velledalen og Straumgjerde bygde opp gjennom 50 år skulle
nullast ut på så kort tid, seier ein litt sorgtung jubilant dagen før dagen.
LETT FEIRING.
Stor feiring av dagen vert det ikkje.
- Nei det er
ferietid, og fleire i familien er bortreiste. Planen er at det vert ein tur til
Geiranger saman med son min, Odd Even, på sjølve dagen. Markeringa får vi ta
att seinare, seier ein uforskamma oppegåande 80-åring, like lett og fin i
kroppen som den gong han stod i målet på Slettegjerde og ropte til angriparen
som kom åleine mot han: «Du lure ikkje me, du lure ikkje me». Og når angriparen
skaut utanfor kom det: «Va´kje det de ej sa, du lurte ikkje me».
- Eg stiller på ein
av dagane under Førjulsmessa til hausten, berre så du veit det, ropar han etter
meg i det vår tilmålte tid er ute.
Ein likandes og avhalden
kar fyller 80 – gratulantane burde stå i kø!
Atle Jomar Hole