Mefjellet Opp 2014

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jul 2014

49 utøvarar kom til mål i
konkurranseklassa. Med særs sterk varme var det ikkje akkurat rekordforhold.
Men Johan Bugge sprang dei sju kilometerane med 1100 høgdemeter stigning på
imponerande 44.58 – berre 13 sekund bak eigen rekord. Vi nemner at eidsvågingen
vart beste nordmann i EM i motbakkeløp nyleg.

Strandaren Knut Anders
Hatlen tok ein sterk fjerdeplass med tida 53.38, i største klassa med 19
fullførande. Robert Sogge, som representerer Ekornes BIL (bedriftsidrettslag),
gjorde nok ein gong ein sterk prestasjon i klasse 40-44 år. Siger på tida 57.38
kling godt for FKS-trenaren.

Olaf Øien, Velledalen IL,
var påmeld, men figurerer ikkje på resultatlista.