Trimpostoversikt – i dag skogsvegen Hjorthol

Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jul 2014

arkiv foto
 Vi har teke pulsen på
trimposten i enden av skogsvegen på Hjorthol, tidleg onsdag 9. juli. Her held
polakken Robert Rakoczy stand med god margin. Men det spørst om stoda er like
lys etter ein feriemånad i heimlandet..?

I alle fall ligg Robert,
som passerte 40 år i mai, særs gunstig til i løypa med tanke på å bli fyrste
ikkje-norske trimpostvinnar.

Som ein ser er dei øvrige
på topp-4 kjende personar. Vi minner om at det er trimbokbytet som markerer
sesongslutt. Vanlegvis skjer dette i løpet av haustferien.

SKOGSVEGEN HJORTHOL, 9.JULI 2014:

187 turar: Robert Rakoczy

151 turar: Ingrid
Brudevoll

129 turar: Anita Hjorthol

55 turar: Jan Lade