Knall vårsesong av Sondre Brunstad Fet

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2014

Arkivfoto. Sondre Brunstad Fet(Aafk) saman med Bengt Hole Alnes(Stranda)
Sondre Brunstad Fet har
hatt ein feiande flott vårsesong i AaFK. Guten, med tunge slektsband til
Velledalen, har fått sin A-lags debut og har vore flittig målscorar på
juniorlag og AaFK 2. Til og med «hat-trick» for sistnemnde lag i seriekamp.

No er Sondre på Hamar, som
spelar på AaFK sitt juniorlag under JET-turneringa. Det vart 1-3 nederlag mot
Start i fyrstekamp (mål av Sondre) og 2-2 mot eit svensk lag i den andre (begge
mål av Sondre).

Før siste gruppespelkamp, mot Sarpsborg,
har altså Sondre Brunstad Fet gjort 3 av 3 mål for AaFK-juniorane, og blir
omtala som «meget god» av juniortrenar Karl Oskar Fjørtoft på smp.no