Bragd av Kjell Magnar Berli i Hornindal
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2014
Bilete frå Hørndøla bru
Robert Sogge deltok i
kortaste versjonen – 38 kilometer med stigning på 2900 høgdemeter. Robert tok
ein sterk andreplass med tida 5.18.10 (Fem timar 18 minutt og ti sekund).
Vinnar vart Arve Rindal frå Eid IL, identisk med karen som vann Konrad Exstrem,
det året løpet gjekk i tropevarme til Koppen.
Kjell Magnar kom på delt
sjuandeplass i løpet over 75 kilometer med 5600 høgdemeter stigning. Plassen
delte han med stortalentet Rasmus Haugen (16) frå Hornindal. Tida til Kjell
Magnar vart 12.25.12. Beste tida levert av ein sunnmøring nokon gong i løpet si
femårige soge.
Den gamle bestetida hadde Petter Kragset med
12.41.11
Glenn Harald Tafjord tok ein flott 24.
plass med tida 14.14.34
Samla hadde dei to løpa
315 startande, som er ny deltakarrekord. Den gamle lydde på 241
her resultat