Henrik Johan til Portugal

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jul 2014

For dei som ikkje er heilt
støe i tikampen sine øvingar gjer vi ei lita oppattfrisking. I løpet av to
dagar skal Henrik Johan Holmberg gjennom fylgjande øvingar:

100 meter, lengdehopp,
kule, høgdehopp, 400 meter, 110 meter hekk, diskos, stavsprang, spydkast og
1500 meter. Alle skjønar ein må vere rimeleg allsidig for i det heile gje seg i
kast med noko slikt.

Holmberg var ferdig på
college i USA før sist jul, men vart verande att i Arizona nokre månader, for å
trene med nokre av verdas beste utøvarar. Han har konkurrert relativt lite
denne sesongen, men jobba desto meir med tekniske ting, spesielt retta mot
stavsprang og kastøvingane. Sterkaste øvingane til sogningen med røter på
farssida til Velledalen, er dei korte løpa, høgde- og lengdehopp.

Vi ynskjer Henrik Johan og
støtteapparatet lukke til i Portugal!