Kristbjørg treff blink
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jun 2014
Karstein (Jensen) har vist
oss det tidlegare,og i dag skriv vi om Kristbjørg Dale Bolstad som har gjort
det same. Det er håp etter passerte 50! Håp om framgang og ny karriere på eit
eller anna felt i livet.
Tidlegare i år tok
Kristbjørg sølv i NM i liggjandeluftgeværskyting – distanse 10 meter. Sin andre
medalje (bronse) kampra ho på same distanse i ståande skyting.
Nyleg var dama, som i
heimbygda er mest kjend frå korsongen sine rekkjer, ein snartur til Elverum.
Der skulle det skytast om NM-titlar utandørs. Og til alt overmål; dette var
Kristbjørg sin fyrste opptreden utandørs i regi av Norges Skyttarforbund. Denne
gongen var avstanden til skiva heile 50 meter. Det hindra ikkje dama i å treffe
blink! Sølvmedalje er framifrå – i ein aktivitet der ho trass alt enno er fersk
som utøvar.
Sjølv om ikkje Velledalen
IL driv skyting, bøyer vi våre hovud i
respekt for prestasjonen og GRATULERER!!