Går mot snørik vinter – skifolket kan gle seg

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jun 2014

Berth David Wilhelmsen er
ein kjend mann i Sykkylven. Avløysaren, politikaren, sauebonden, læraren og
skiløparen som måtte nøye seg med eitt skikkeleg skirenn i 2014. På Svalbard.
Litt knapt for mannen med flest birkebeinarmerke på Sunnmøre. Nyleg passerte
han 70 år og framleis like vital:


 -  Ser du den rogna
der borte..?


 -  Ja, er det noko
spesielt med den?


 -  Du skjønne det.
Siste to åran har det vært kollosalt med rognebær på ho. Det har gitt to
vintrar med lite sny – ein kald og ein varm vinter. Men i år! Der e knapt nok
tillaga ei bær! Å ka betyr dæ?


 -  Du meiner det
vert mykje snø..?


 -  Ja, du kan
skjønne det! Ein kollosal snøvinter til og med! Hels han Nakken og sei han må
ha skian klar!

Der er hermed gjort.

PS. For rogna sin del får
vi håpe Berth sin spådom går inn. I motsett fall kan den risikere å bli saga
ned.