-Håper han såg oss!
Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Jun 2014
Ikkje alle mellom dei
kring 1000 påmelde til den store idrettshelga i Geiranger kjem til start. Slik
er det alltid. Éin av dei som mangla i dag var Jaroslaw Rzadkiewicz, kalla
Jarek mellom kameratar. Han døydde 7. april i år, berre 45 år gamal. Starten i
Nibbeløpet var meint å vere eit livsminne, ei oppleving saman med brødrene
Krzysztof og Tomasz (Pe-Tomasz). Jarek kom aldri til Geiranger. Men brødrene
var der, saman med kameratane Lucjan og Jerzy. Alle fire ville springe for
Jarek, som var der på sitt vis – namnet hans vart aldri fjerna frå
deltakarlista.
Arbeid i møbel
Denne soga starta
eigentleg i 2007. Ein av dei siste dagane i februar dette året flytta bror til
Jarek, Tomasz, til Sykkylven. Han hadde fått seg jobb i møbelkonsernet Ekornes.
Heime i Polen hadde han kone og sonen Karol. Året etter kom sonen Antonio.
Tomasz fortel:
- Avtalen med kona
var tre år i Norge. Gode år sjølv om avstanden til familien var altfor lang.
«Skype-kontakt» vart redninga.
Tre år vart fem
Tomasz fann seg vel til
rette i Norge. Han byrja springe, og deltok i Nibbeløpet både i 2011 og 2012. Bestetida
var to timar 48 minutt, i eit særs tøft løp
- I samråd med kona
vart mine tre tiltenkte år utvida til fem, men til ferien i 2012 var eg tilbake
i heimlandet for godt, smiler polakken.
Ville ære minnet
Vel heime i Polen byrja
Tomasz sysle med tanken om at Nibbeløpet var noko brødrene Jarek og Krzysztof
også burde oppleve. 2014 vart året. Planar vart handfaste og påmeldinga ordna i
god tid. 8. juni skulle eit felles livsminne spikrast i Geiranger for tre brør
Rzadkiewicz. Så skjer det fatale. Jarek døyr.
- Vi bestemte at
opplegget skulle gjennomførast. For å ære Jarek sitt minne, seier Tomasz stille
og løfter augo mot himmelen.
-Håper han såg oss
Alle fire polakkane
fullførte i fin stil. Eit stort polsk team vart lagt merke til med ekte
idrettsglede på toppen av Dalsnibba i dag.
- Ja, ein
fantastisk dag. Bror min, Krzysztof, hadde lyst og bryte, men kunne sjølvsagt
ikkje det. Han sleit seg inn på i overkant av tre timar og 40 minutt (3.42.02).
Sjølv persa eg med over ti minutt (tid: 2.38.14) Dei to polske venane var
overvelda. I dag sleit vi for Jarek, håper han såg oss, fortel Tomasz etter alle
er i mål.
Fem fantastiske år
I morgon reiser polakkane
tilbake til heimlandet. Tomasz til byen Torun med 200 000 innbygggjarar.
Til jobben i Opus Capita, eit firma som driv rekneskapsføring for utanlandske
verksemder. Men han kjem tilbake til Norge. Alt i haust, til Oslo Maraton.
- Eg har passert 40
år, og har bestemt meg for å springe eit løp på minst 40 km – eit maratonløp.
Og det måtte bli i Norge. Som stor takk til heile nasjonen for fem fantastiske
år, avsluttar Tomasz, norgesven, velledalsven og geirangersympatisør for resten
av livet!