900 påmelde i Geiranger dagen før dagen

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jun 2014

Nibberittet har langt over
400 påmelde. Mange av desse frå Sykkylven SK – og sjølvsagt Velledalen sin
store sykkelson, Per Steinar Linga. I løpet av helga vil det kome resultat frå
Nibberittet på VIL-Nett – og ikkje minst bilete.

6.juni, var Olaf Øien
åleine påmeldt frå Velledalen IL i stormønstringa. Olaf (71) stiller i klasse
70-74 år, og er den eldste påmelde i Nibbeløpet. Dette vert løp nummer 21 for
Olaf - av 21 moglege. Og vi vil fylgje med «Pe-Tomasz» i hans tredje løp i
Geiranger. Til ære for broren Jarek, og i kamp mot eigen personleg rekord på 2
timar og 48 minutt.

Elles er det klar
påmeldingsrekord for Nibbedobbelen, der ein fyrst syklar, så spring. Med andre
ord; 2 X 1500 høgdemeter.

Nyskapningen av året,
Nibberennet på rulleski, har også bra med påmelding. Vi nemner Knut Anders Hatlen (Stranda),
Martine Lorgen Øvrebust som vart premieutdelar i Minikonrad i 2014 og tidlegare
skiverdsmeister Trude Dybendal.

Og på nordmørsk jord har
vi også lokal deltaking denne helga. Der er nemleg Alf Petter Bøe og Kjell Magnar
Berli i aksjon. Med andre ord ei tung idrettshelg

GOD PINSE!!