«Kovisto» fyller 70 år 3.juni
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jun 2014
Velledalen IL helsar i dag
til ein milslukjar av rang – fyrst og fremst på vinterstid. Det har vorte nokre
rundar rundt Sætevatnet og Nysætervatnet siste 35 åra…. For ikkje å snakke om i
lysløypene i Hevsdalen og Søvikdalen.
Ikkje er han urøynd i
Birkebeinerrennet heller. 33 gonger har han delteke, berre ein gong har
merkekravet lurt han. Berth har flest merke i Birken på ski av alle nolevande
sunnmøringar.
Årets sesong vart mager.
Med lite snø vart det lite skigåing for Berth. Men ikkje verre enn at han drog
til Svalbard og gjekk eit skimaraton der, mest på gamal rutine.
Velledalen IL gratulerer!