Konrad- kolleksjonen spreier seg

Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Mai 2014

Her
har du bilde med to personar som bruker ''Konrad-kolleksjonen'' Den mørkaste av
dei heiter Cris Boundzanga og kjem frå Gabon i Vest-Afrika. Cris bur i
Farsund, medan mor hans, som også er den heldige eigar av ei signalraud
Konrad-T-skjorte bur i heimlandet. Ho er godt informert om kva Konradløpet er
for noko. Her manglar vi diverre bilde.



Den andre personen heiter Thibaut Oosterlinck. Han kjem frå Belgia og bur
i
Brüssel
. Thibaut er ven av Cris og er grundig blitt
forklart kven Konrad Brunstad var. Han seier sjølv at han er ein stolt brukar
av Konrad-T-skjorta....



Som om dette ikkje er nok, så har vi også ein Konrad-kolleksjonbrukar i
Australia. Han heiter Jens Martin Larsen og er nevø av Anita. Han er eigar av
ein lilla Konrad-hettegensar.



Då er altså Konrad-kolleksjonen representert i tre verdsdelar, Afrika
og Oseania i tillegg til Europa.