Fin andreplass til Olaf Øien laurdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Mai 2014

Laurdag vart Varden Opp i
Sula kommune arrangert for 11. gong. Løpet har start frå Devoldfabrikken i
Langevåg og målgang på Vardane 776 meter over havet. 105 løparar sprang på tid.

Mellom desse var vår eigen
Olaf Øien. Han leverte ein sterk prestasjon i klasse 70-74 år, med ein god
andreplass. Olaf brukte 1.14.56 på turen, og var med det berre 34 sekund bak
vinnaren, Per Jan Helseth.

Ekornes BIL var
representert ved Robert Sogge og Glenn H. Tafjord, begge pensjonerte
fotballspelarar i klasse 40-44 år. Sogge smelte til med tredje beste tid totalt
med 48.38 – som heldt til andreplass i klassa. Tafjord vart nummer fem i klassa
med 53.27.

. Vi ropar alt no eit VARSKO for Ekornes BIL
sitt lag under Sykkylven Rundt i august!!

Vi nemner at Jann Ove
Kjønneland frå Viksdalen IL hadde beste herretid med 45.01.

Beste kvinne vart Merete
Weng, BUL. Med tida 48.03 vart ho slegen av berre to mannfolk.

Olaf er påmeldt i Geiranger
8. juni til sin 21. start på halvmaraton frå fjord til fjell. Sjølv om Varden
Opp er vesentleg kortare, må det likevel sjåast som ei god gjennomkøyring.