Jens Christian sterk i Fornebuløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mai 2014
Bilete frå Holmenkollstafetten
Fornebuløpet er langt frå
nokon «walk in the park». Vi snakkar om ei stormønstring i vekst, der 2108
deltakarar løyste startkontingent dette året. Deltakarane kan velje mellom
distansane 3, 5 eller 10 kilometer.
14. juni skal Jens
Christian springe Birkebeinerløpet. Med tanke på den kraftprøva, fall det
naturleg at «Hol-hynen» valde lengste distansen, 10 kilometer.
Under Holmenkollstafetten
andre helga i mai, viste Jens framifrå takter for Velledalen IL sitt lag, på
etappe nummer fire (berg- og dalbane etappen). Sett på den bakgrunn var det
ikkje overraskande med ein god prestasjon også i Fornebuløpet.
Plasseringsmessig vart
Jens Christian nummer 215 av samtlege som sprang 10 kilometer. Tida vart
41.24.5. Og vi berre nemner det; i 2013 brukte han 46 minutt.
Det kallar vi framgang som monnar, faktisk
heilt i «Karstein Jensen-klasse». Alt tyder på at merkekravet i
Birkebeinerløpet vert som ein «softis ein solskinsdag» for Jens den 14. juni.
Friidrettsgruppa, og andre
heime i Velledalen, reiser oss og applauderer prestasjonen!!