Verdig stolvinnar
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2014
Ekornes gav ein stol til
den 13. utgåva av Konradløpet. VIL-styret bestemte at sidan mottoet «der farta
ikkje er viktigast» skulle vektleggast, var det mest naturlege at stolen skulle
trekkjast mellom alle startande. Med andre ord lik sjanse for alle.
Mette Ulvestad fekk æra av
å trekkje i bollen mellom alle startnummer. Ho plukka ut nummer 122. Eit god
val Mette, då eigar av nummeret var Liv Skogvold. Som same dag kunne hente 10
års premien for trufast deltaking i Konradløpet.
Vi nemner óg at Liv to
gonger har vore samanlagtvinnar på trimpostane, i 2002 og 2003. Ho har
tenestegjort for idrettslaget heilt sidan mannen Kjell sat som leiar i
alpingruppa for kring 30 år sidan.
Det er vel dette ein
kallar å treffe blink!
Gratulerer med stolen, Liv!