Det politiske Konradløpet

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2014

Sosialistisk Venstreparti
har den sprekaste politikaren i Sykkylven!. Årets Konradløp viste nettopp det,
og namnet er Eldar Høidal. SV-Høidal vart nummer 50 med tida 21.39. Ei fin tid
av ein mann som går i sitt 59.år.



Diverre vart Jan Kåre
Aurdal sin ordførarrekord frå 2003 ståande. Den lyder på 30.52



Her er resultata frå det politiske miljøet i Sykkylven:

 GULL
  : Eldar
Høidal, SV, 21.39

 SØLV:

Per-Gunnar Holmberg, KRF, 24.11

 BRONSE:

Ståle Eikrem, AP, 25.38



Pluss også til Jan Ove
Skogvold (H) og Robin Urke Brunstad (SP) som begge er å finne på
påmeldingslista.



Siste året har det frå
ymse hald – også frå poliktikarar – kom beisk kritikk mot personar i
administrasjonen i Sykkylven kommune. I Konradløpet fekk desse svar på tiltale
så det heldt. Ingunn Synnøve Hole Hunnes sine 24.43 ragar nemleg prestasjonsmessig
langt over det politikarane presterte. Med det sette ho «skåpet» kraftig på
plass – i alle fall sportsleg.