Konradløpet avdeling Oslo
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2014
To frustrerte Oslo-studiner hadde ikkje moglegheit til å
reise heim for å springe Konradløpet. Kva gjer ein då? Jo, ein lagar sitt eige
Konradløp i hovudstaden, sjølvsagt! Løypa gjekk rundt Østensjøvannet, og
med ein distanse på 4,5 km er den skremmande lik Konrad si treningsrute på
Brunstad. Heimelaga startnummer og eigenkoreografert aerobicoppvarming ga den
rette Konradløpkjensla. Sjølv om startskotet frå Brua-Bjørn mangla, la dei på
sprang presis 05.00. Berre nokre morgonfuglar - i ordets rette forstand - slo
følgje med dei to deltakarane.
Etter målgang vart ei dame observert i fint driv, men ho
rakk dessverre ikkje starten på løpet.
Ikkje noko Konradløp utan Konradfrukost, kan du skjøne!
Frukostbuffeten i Furuveien freista to friskusar, som nytta morgontimane vidare
til å diskutere genetikkoppgåver. Desse to bondetausene har nemleg same fag
dette semesteret. Klart ein må halde saman i storbyen.
Då står det berre att å sjå om Konradløpet kan etablere seg
i andre delar av landet også. Gjennombrotsløpet i Oslo kan i alle fall kallast
ein suksess!
Helsing Christina Holmberg og Hilde Tandstad