Ny eldstemann i årets Konradløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2014
Han er langt frå debutant,
Harald Relling frå Langevåg. Han har gjort det seks gonger tidlegare. No er han
påmeldt for sjuande gong, i ein alder av 87 år.
Berre
Tomas Tandstad har vore eldre. Han var 91, og gjekk i sitt 92.
leveår siste gongen han
tok laust i Konradløpet.
Tomas har med den prestasjonen aldersrekorden i Konradløpet.
Av statistikken ser vi at
Harald Relling gjorde sluttida 28.35 i 2010. Det er berre å bøye seg i støvet.
28.35 som 83-åring skal ein god skrott til for å bere.
Påmelde over 80 år hittil:
Karstein Sørland, Ålesund - f. 1929
Paul Halstein Hole,
Velledalen – f. 1929
Konrad Gausemel, Hornindal
– f. 1929
Harald Relling, Langevåg - f. 1927