Fjorårsvinnar stiller ikkje

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Apr 2014

Det kom nok litt
overraskande på dei fleste då Solveig Beate Brunstad feia gjennom Konradløpet
på 18.41 i 2013. Året tidlegare brukte ho over 20 minutt.

Men sjukdom gjer at
Solveig Beate ikkje kan forsvare fjorårets triumf. Fornuftig nok går helsa
framom alt.

I år er vinnarpremien
finare enn nokon gong tidlegare, takka vere Solveig Hopland. Av dei påmelde
hittil held vi ein knapp på at sigerskampen mellom kvinnene vil stå mellom
Andrea Berge Kastellet (nummer to i fjor) og debutanten Kari-Anne Tryggestad
Ryste.

Men det er enno tidleg, fleire kanoner kan
melde seg før Brua-Bjørn fyrer av startskotet klokka 05.00 1.mai