SIL sine gutar har skjøna poenget

    Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Apr 2014

    SIL sine fotballspelarar
    og trenarar har skjøna poenget. At det har positiv effekt å drive litt allsidig
    i unge år. Klubben vart lagt merke til då eit heilt gutelag deltok i
    motbakkeløp i Straumgjerde sist sommar (Opp på Bruna). Nokre månader seinare (i
    august) var same gjengen på plass og imponerte under stafetten Sykkylven Rundt.

    Denne gongen er det litt
    yngre karar som stiller i Minikonrad. Dei er fødde i 2003, og er såleis dei
    yngste som spring på tid.



     - 




     Etter
    premieutdeling skal vi ha ei lita sosial samling i grendahuset, melder Ådne
    Brunstad, som er med i teamet rundt SIL sitt gutelag av årgang 2003.



     Vi ynskjer SIL-gutane
    velkomne til Minikonrad. Fleire burde fylgje deira eksempel !!