Kondis sender hardhaus til Konradløpet
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Apr 2014
Martin Hauge-Nilsen er
klar for sitt femte Konradløp. Påmeldinga har tikka inn. Mannen som no bur i
Ulstein kommune er også Kondis sin mann. Han har ved fleire høve tidlegare laga
flotte reportasjar frå Konradløpet.
I fjor reiste Martin
Hauge-Nilsen – saman med Inge Asbjørn Haugen – rett frå Velledalen til
1.mai-løpet på Åheim. Altså to løp på same dag, truleg med lite søvn som
utgangspunkt.
Men det er i Geiranger
Martin verkeleg «tyner» kroppen. Der er han ivrig deltakar i Nibbedobbelen. Det
vil seie at han syklar frå sentrum av Geiranger til toppen av Dalsnibba, syklar
også ned att, knyter på seg joggesko og spring frå sentrum til toppen av
Dalsnibba. Berre dei tøffaste gir seg i kast med slikt.
Då er Konradløpet langt
lettare, sjølv om starten går 05.00. Her er Martin Hauge-Nilsen sine tre siste
Konradløp:
2011: 15.54
2012: 15.39
2013: 16.25 – kanskje han «løyvde»
litt til løpet på Åheim