10 000 til oppussing av garderobe
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Apr 2014
Etter over 30 års drift er
det rimeleg at det vert noko slitasje. I eit skriv til Velledalen IL skriv Lars
Inge Sæther (leiar av driftsstyret for Velledalen symjehall) og Kai Skylstad
(leiar i Velledalen grendahus):
- For symjehallen
åleine er det over 4 000 besøkande per år berre i den offentlege
opningstida. Det skal leggast skikkelege fliser på veggar og golv, også på
toaletta. Vi skal gjere ein så grundig jobb at garderobene skal vere godt
tenlege i fleire tiår framover.
- Vi har fått tilbod
frå eit murarfirma på 137 806 kroner for damegarderoben no i år. Vi vender
oss i dette høvet til Dykk i håp om at de kan vere med og støtte
Grendahuset/Symjehallen finansielt i samband med oppussinga, skriv dei to
mellom anna.
Og vedtaket vart altså ei gåve
på 10 000 kroner frå Velledalen IL