Vikarstunt av «velledalsjente».
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Apr 2014
Før heitte ho Ingunn Hole.
No er Hole erstatta med Hunnes. Då veit du kven vi snakkar om, «jenta» med
opphav frå småbruket Holen på Hole i Velledalen.
Opphavet er ikkje
skremande langt unna Sylvi Listhaug sitt, så slik sett var det ikkje
overraskande at Ingunn tok rolla som landbruksminister lett, då ho trefte ein
nedtrykt, deprimert og inkassotruga gardbrukar i Straumgjerderevyen.
Då var kanskje
overraskinga større at ho skulle dukke opp som biskop. Ingeborg Midtømme troppa
nemleg opp då sykkylvsprestane vart vel trottige i leikeapparata i
kyrkjeparken. Erlend Lunde (Egil Astad) vart endåtil dregen usømeleg hardt i
eine øyret. Det spørst om høyrselen kjem tilbake til konfirmasjonssundagen. Men
før den tid håper vi han sender kona til Konradløpet 1.mai, slik han gjorde i
fjor. Det kan ende i drama, då vi der reknar med ho vil møte kvinna som gav «mannen hennar» ei lusing
under StraumgjerdeRevyen.